Om rideklubben

 

Rosendal rideklubb vart stifta 27. november 2006. Laget hadde det meldingsåret 62 medlemar. Vi hadde 29 ryttarar på kurs tysdagar og torsdagar den hausten, dei rei på eigne eller dei lånte hestar.

 

1. oktober 2006 vart rideundervisninga flytta frå Kvinnherad Hesteskysslag sin utandørs ridebane og inn i den nye ridehallen i Rosendal. Stall Rosendal er privat eigd.

   

Vi har medlemar/aktive ryttarar nesten frå heile Kvinnherad, frå Sandvoll til Mauranger, Åkra, Hatlestrand, Ølve og Mundheim.

 

Vi har lyst å vera ein klubb der ALLE føler seg velkomne, med eller utan eigen hest, store og små.

 

Vi har lyst å vera ein god klubb for ALLE medlemane våre, og set difor stor pris på ris/ros, og ikkje minst innspel med f.eks. forslag til aktivitetar medlemane våre ønskjer at vi skal arrangera.

 
 
 
  Tilbake

 

Siste nytt
Dugnad - Varetelling
Les meir[30.10.2018]
Påmelding rideskule, Hausten 2018
Les meir[30.10.2018]
Helgekurs i sprang med John Harald Lien Magnussen
Les meir[11.09.2018]
Charlotte Kurs
Les meir[19.08.2018]
Kurs Vinter/Vår 2018
Les meir[24.11.2017]

Sponsorar
Lycke Rideutstyr
iDrift AS

Linkar
Lycke Rideutstyr

Utviklet av iDrift AS