Mål og forventningar for kursa:

 

Nybegynnar: Rytteren har ingen- / lite erfaring med hest. Målet med kurset er å læra om stell, saling, leiing, adferd på ridebanen, tryggleik, rideutstyr (klede, sko osv), sits osv. Riding føregår i skritt med enkle øvingar.

 

Lett øvd: Ryttaren har deltatt på eit eller fleire nybegynnar kurs. Hun/han kan generelt om stell og saling. Målet nå er å bli heilt sjølvstendig i stell og saling av hesten. Målet med ridinga er å gjera same øvingar i trav som i skritt, både i lett sits og nedsittande.

Etterkvart vil ryttarane lære å galoppera og gjera same øvingar i galopp som i trav. 

 

Dressur (vidarekomne): Ryttaren meistrar hesten i alle gangartar. Nå vil ryttaren bli terpet på sits og bruk av hjelperane (hånd, sjenkel, sete). Målet her er å læra meir avanserte øvingar (sjenkelvikning, bakdelsvending, aukingar, versadar osv.). Ryttaren skal etterkvart kunne ri dressurprogram opp til LA.

 

Sprang (viderekomne): Ryttarane meistrar hesten i alle gangartar og har delteke på nybegynnaropplæring i sprang. Det vert terping på teknikk ved bruk av bommar, kavalettar, ulike hopp-kombinasjonar. I tillegg vert det mye trening på å ri en sprangbane.  

 

Knøttekurs: For barn mellom 3 -6 år. Riding og stell med hest for de aller minste.

Varer ca. 40 min. pr. gong. Kursa har mykje dei same måla som nybegynnar, men i eit tilpassa tempo til aldersgruppa. Hovudfokus er å verta trygg i lag med hesten.

 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 

Siste nytt
Dugnad - Varetelling
Les meir[30.10.2018]
Påmelding rideskule, Hausten 2018
Les meir[30.10.2018]
Helgekurs i sprang med John Harald Lien Magnussen
Les meir[11.09.2018]
Charlotte Kurs
Les meir[19.08.2018]
Kurs Vinter/Vår 2018
Les meir[24.11.2017]

Sponsorar
Lycke Rideutstyr
iDrift AS

Linkar
Lycke Rideutstyr

Utviklet av iDrift AS