Generell informasjon
Rideklubben har ridekurs som går frå januar til juni og frå august til desember. Vi har knøttekurs, kurs for nybegynnere, dressur og sprang. Gruppene blir delt inn etter nivå på ryttarane så langt dette er mogleg.
For å melda seg på, bruk påmeldingsskjemaet.
Det er dei som brukar rideskulehestane fyrst som steller og salar på, og dei som rir sist salar av. Slik må nokon rekna lenger tid i stallen enten før eller etter timensin. De vil sjølvsagt få opplæring hvis dette er nytt.
Vi har noen hjelmer til utlån. Kursdeltakaren må ha på sko / støvel med hæl.
Tyggis er ikkje tillatt på hesteryggen.
Om ein ikkje kan møte til timen MÅ instruktøren din få beskjed i god tid!
Mål og forventningar for kursa
Nybegynnar:
Rytteren har ingen- / lite erfaring med hest. Målet med kurset er å læra om stell, saling, leiing, adferd på ridebanen, tryggleik, rideutstyr (klede, sko osv), sits osv. Riding føregår i skritt med enkle øvingar, etter kvart vil ein også øva seg på trav.
Lett øvd:
Må kunne ri i trav uten å halda seg fast i salen (eller støtte seg i tøylen). Hun/han kan generelt om stell og saling. Målet nå er å bli heilt sjølvstendig i stell og saling av hesten. Målet med ridinga er å gjera same øvingar i trav som i skritt, både i lett sits og nedsittande.
Etterkvart vil ryttarane lære å galoppera og gjera same øvingar i galopp som i trav.
Dressur (øvd):
Ryttaren meistrar hesten i alle gangartar. Nå vil ryttaren bli terpet på sits og bruk av hjelperane (hånd, sjenkel, sete). Målet her er å læra meir avanserte øvingar (sjenkelvikning, bakdelsvending, aukingar, versadar osv.). Ryttaren skal etterkvart kunne ri dressurprogram opp til LA.
Sprang (øvd):
Ryttarane meistrar hesten i alle gangartar og har delteke på nybegynnaropplæring i sprang. Det vert terping på teknikk ved bruk av bommar, kavalettar, ulike hopp-kombinasjonar. I tillegg vert det mye trening på å ri en sprangbane.
Knøttekurs:
For barn mellom 3 -6 år. Riding og stell med hest for de aller minste.
Varer ca. 40 min. pr. gong. Kursa har mykje dei same måla som nybegynnar, men i eit tilpassa tempo til aldersgruppa. Hovudfokus er å verta trygg i lag med hesten.